Flere bilder...




































Med hæggis og eigen whisky på Fjone


Det er 15 medlemmer i klubben The Hæggis Society og Norway. Her er dei samla rundt bordet før matserveringa tar til.  Foto: Tone Tveit Vest-Telemark Blad
Den skotske diktaren Robert Burns vart hylla av klubben The Hæggis Society of Norway då dei var samla på Fjone. Med Hæggis som hovudrett og eigen whisky frå fat i Skottland samlar herrane i 40-åra seg årleg til ein munter og uformell kveld.
Tone Tveit
tone.tveit@vtb.no

Han vart bare 37 år gamal, den livsglade skotske diktaren Robert Burnes som levde på 1700-talet, men ennå blir han heidra årleg i mange land i Europa.
Robert Burnes vart fødd i 1759. Han voks opp på eit småbruk i Skottland og var ein fattig gut med store skrive- og talegåver. Han vart tidleg leigd inn av dei velståande for å lese sjølvskrivne dikt i festlege samankomstar. Det viste seg også at han hadde stor sans for kvinner, og han skreiv ei rekkje kjærleiksdikt og utgreiingar. Burnes levde eit hardt liv med mykje fest, kvinner og alkohol som etter kvart tok overhand. I 1796 døde han bare 37 år gamal.
– Av dei kjente dikta som er melodisett kan ein mellom anna nemne «Auld lang syne», og Burnes er for skottane som vår Aasmund Olavson Vinje, fortel president i klubben Baard I. Freberg.

Hæggis av saueinnvollar

Klubben vart stifta for 21 år sidan. Nokon norske studentar starta å interessere seg for den skotske kulturen og nasjonalretten Hæggis under eit studieopphald i Skotland.
– Hæggis er sett saman av saueinnvolar som er sterkt krydra og baka inn i tarm. Tilhøyr til retten er potetstappe og kålrotstappe, fortel president Freberg.
Kvart år blir det servert Hæggis i Skotland når dei feirar bursdagen til diktaren Robert Burnes som er 25. januar . Tradisjonen vart bringa heim til Noreg av studentane og klubben vart starta. Av dei 15 medlemmene som er med i klubben i dag, er tri av dei studentane som starta klubben.

Samling på Fjone

Klubben er sett saman av eit styre der presidenten er øvste leiar. Baard I. Fredberg har sitte som president i fem år.
– Leiinga i klubben sit i fem år, og det er også dei som vel kvar den årlege samlinga skal bli halden, fortel Freberg.
Samlinga rullerar på å vere i heimen eller på heimstaden til medlemmene, som kjem hovudsakeleg frå Austlandet. I år var turen komen til nissedøl Abraham Grimstvedt.
– Det ville blitt litt fullt å ha heile klubben heime hos meg så eg fann ut at det ville vere ypparleg å samlast i den nye storstoga på campingplassen på Fjone, fortel Grimstvedt.
Sidan det er han som er vert for samlinga, har han også hatt ansvaret for å lage klar maten.

Ritual

Sjølve hæggismåltidet fylgjer faste ritual. Hæggisen blir bestilt frå eit slakteri i Skottland før kvar samling.
– Når klubben er samla rundt bordet spelar me skotsk musikk og det blir servert ei hønsesuppe til forrett. Når det er klart for hæggisen blir han boren inn på fat medan eit bestemt dikt blir lese høgt, «Adress to Hæggis». Mot slutten av diktet skal presidenten skjere opp saue-retten med kniv, under ei bestemt strofe. Og det blir servert kålrotstappe og potetstappe, fortel Fredberg.
Med rynker på nasen undrar me på kva Hæggis kan minne om på smak, kort tid etter utfordrar presidenten oss til ei smaksprøve, medan han forklarar vidare.
– Det kan ta fleire år før ein venner seg til smaken av hæggis, så ein må ofte dempe han med øl og whisky. Hæggis var opprinneleg ein overlevingskost frå skrinne tider i Skotland, fortel presidenten, medan han les av utrykket til prøvesmakaren at dette kanskje ikkje fall heilt i smak hos henne.

Med sidan 97

Det var på ein jakttur til Afrika i 1994 at nissedølen Abraham Grimstvedt fekk augo opp for den litt spesielle klubben med årlege markeringar.
– Eg har bestandig vore facinert av den skotske kulturen og likar svært godt å høyre sekkepipe. Då me var i Afrika var ein av jaktkameratane med i ein klubb i Noreg som virka interessant. På ei seinare samlinga vart eg invitert og fekk vere gjest, seier Grimstvedt
For å bli medlem i klubben må ein sende ein skrifteleg søknad til styret det same året ein har vore gjest på den årlege samlinga. Søknaden blir vurdert nøye og styret gjer vedtak om søkjaren skal få kome vidare til eksamen. På neste samling blir han eksaminert av styret.
– Eg gjekk opp til eksamen i 1997, og har vore medlem sidan, fortel Grimstvedt, som meiner det er morosamt å kome saman med klubbmedlemene.
Han fortel at alle må stille i fint antrekk som har noko skotskinspirert. Nokon av medlemene har kjøpt seg kilt, medan andre har skotskrutete slips eller sløyfe.

Eigen whisky

Klubben legg vekt på at samlingane skal vere uformelle og ha ein munter tone.
– Me har eigen talarstol, og utpå kvelden er dei fleste av oss innom og les dikt, både norske og engelske, held innlegg eller anna moro, fortel presidenten.
Han fortel også at klubben alltid har med eit bilde av Robert Burnes og medlemsplakaten til klubben, som dei set fram under samankomsten.
Klubben har også ei eiga tønne whisky på eit bryggeri i byen Campletown i Skotland.
– Me tar inn to flasker til kvar samling. I fjor var klubben i Skotland, noko me plar gjere kvart femte år. Då besøkte me «tønna vår», gliser Freberg før han går tilbake til klubbkameratane og dei kan starte årets «Burns supper».